Påmelding

Dato Kl. Navn Ledig Medlem Ikke medlem
08.09.2026 16:45 Kurs i sjølvforsvar 10 ledige plasser Pris for medlemmer: kr. 400,- Pris for ikke-medlemmer: kr. 400,-

Nybegynnarkurs i jiu-jitsu

Har du lyst til å lære sjølvforsvar, få betre kroppsbehersking og prøve ei spennande kampsport?

Jiu-jitsu er ei moderne sjølvforsvarskunst med røter i Japan. På dette nybegynnarkurset lærer du dei første grunnleggande prinsippa og teknikkane innan sjølvforsvar, fallteknikk, slag og spark, kast, nedtakingar, kontrollteknikkar og enkle former for forsvar mot ulike typar våpen. Kurset gir deg eit godt grunnlag for vidare trening i jiu-jitsu.

Kurset passar for alle frå 15 år og oppover, uansett kjønn, erfaring eller fysisk form. Treninga skjer i små grupper, slik at du får tett oppfølging og personleg rettleiing frå kvalifisert og diplomert instruktør. Vi legg vekt på eit inkluderande og trygt treningsmiljø der alle kan utvikle seg i sitt eige tempo.

Du treng ikkje noko erfaring frå før. Ta med vanlege treningsklede, ei vassflaske og godt humør.

Kursdatoar

Tysdag 08.09
Tysdag 15.09
Tysdag 22.09
Tysdag 29.09

Praktisk informasjon
Stad: Yogasalen, Hamna Treningssenter, Nordfjordeid
Alder: Frå 15 år
Pris: 400 kr for heile kurset
Ingen erfaring nødvendig
Ta med treningsklede og vassflaske


Tal på plassar er avgrensa, så vi anbefaler påmelding i god tid. Velkomen til ein lærerik og sosial introduksjon til jiu-jitsu.

Tidspunkter:

  • 08.09.2026 fra kl. 16:45 til kl. 17:45
  • 15.09.2026 fra kl. 16:45 til kl. 17:45
  • 22.09.2026 fra kl. 16:45 til kl. 17:45
  • 29.09.2026 fra kl. 16:45 til kl. 17:45